Samlingspunkt heime – og på tur

Kaffi er eit samlingspunkt. På jobb og i heimen. Til kvardag og fest. Familien samlar seg rundt kaffi og kake. Dei som trivast best ute i naturen, elskar å koke kaffi på bål ute i eitt med naturen. Sprakinga frå bålet og suset frå vinden,  som blandar seg med lukta av røyk og kaffi, kanskje med ein solnedgang i horisonten, det er kanskje då kaffien smakar best. Og til kvardags kan ein nyte den frå termos, eller i to go-kopp.

Fleire og fleire har lyst på nybrent kaffe på jobben. Du må gjerne ta kontakt med Sognefjord Kaffibrenneri for å få tilpassa din "Kontorkaffe". Frå brenneriet i Sogndal sender vi ut nybrende bønner - til heile landet. 

Ingenting å lure på - ta kontakt for å få nybrent kaffe til din bedrift!

Back to blog