
Kjekt å sjå deg!
Månadens kaffi juni
1. Indonesia, Ijen-platået på Java 🇮🇩
Eg veit ikkje om det er dei vulkanske landskapa, den fleire hundre år lange kaffihistoria eller berre det faktum at kaffien ofte smakar annleis enn det meste anna eg brenn – det er artig med indonesisk kaffi.
Denne månaden går turen til austlege delar av Java, nærare bestemt Ijen-platået. Området er omgitt av vulkanar og frodige skogar, og kaffien veks mellom 1000 og 1500 meter over havet på Blawan Estate. Her dyrkar dei fleire ulike sortar, mellom anna Typica og Gunung Blaw, under forhold som gir kaffien ein mjuk og elegant karakter.
Når folk tenkjer på indonesisk kaffi, er det ofte dei kraftige og jordlege smakane frå den tradisjonelle «wet-hulled»-prosesseringa dei ser føre seg. Denne kaffien går derimot ein annan veg. Han er fullt vaska, noko som løftar fram ein reinare og meir livleg kopp med sitruspreg, mjuk fylde og søte tonar av mjølkesjokolade og druer.
Indonesia har dyrka kaffi i over 300 år, heilt sidan dei første kaffiplantane kom til øyriket på slutten av 1600-talet. I dag er landet blant verdas største kaffeprodusentar, og Java er framleis ein av dei viktigaste regionane. Blawan Estate er del av ei historisk verksemd som har røter tilbake til kolonitida, og kombinerer lang erfaring med moderne kvalitetsarbeid.
For meg er dette ein perfekt kvardagskaffi: lett å like, balansert og samstundes spanande nok til at du legg merke til detaljane. Eg håpar han fell i smak hos deg òg – og kanskje inspirerer til å utforske endå fleire kaffiar frå Indonesia.
2. Costa Rica – Los Santos 🇨🇷
Juni-kaffien tek oss vidare til dei grøne fjellsidene i Los Santos-regionen i Costa Rica – eit område som gjennom fleire tiår har bygd seg opp eit rykte for å produsere noko av den beste kaffien landet har å by på. Kaffien kjem frå Santa Elena Estate, ein gard som har planter mellom 1250 og 1650 meter over havet, der kjølige netter og varme dagar gir kaffibæra god tid til å utvikle sødme og kompleksitet.
Den botaniske arten er Caturra og Catuai, og kaffien er foredla med den såkalla Honey-prosessen. Trass namnet inneheld prosessen ikkje honning – i staden får delar av fruktkjøtet sitje att på bønna under tørkinga. Resultatet er ein kopp med ekstra sødme, fyldigare munnkjensle og meir fruktpreg enn ein tradisjonelt vaska kaffi.
For meg er dette akkurat den typen kaffi som passar perfekt til sommaren: søt, balansert og lett å drikke, men med nok karakter til at du stadig oppdagar nye nyansar i koppen. Ein kaffi som fungerer like godt på trappa i morgonsola som ved kjøkkenbordet på ein regnfull junidag.
God brygging – og takk for at du er med på kaffi i postkassa! 
